– Eg likar godt livet og tempoet i hovudstaden. Men viss eg skulle hatt det heile tida, hadde eg blitt sprø. For meg er det livskvalitet å dra hit til Fiksdalen i helgene, slappe av, rusle barbeint i graset og gjere akkurat det eg vil på fritida. 

Stor oversikt

Heidi Karin Nakken vart utnevnt som statssekretær for Nicolai Astrup i Kommunal- og moderniseringsdepartementet i januar 2020. Ein jobb ho trives svært godt med. 

– Arbeidet inneber at eg må ha oversikt over kommune-Noreg. Eg har ansvar for bygg- og planprosessar. Det er nok ikkje utan grunn at eg synes det var spennande å sitje i planutvalget då eg var lokalpolitikar i Vestnes, seier ho. – Det er i planlegginga av kommunen du verkeleg kan skape utvikling. 

Ziggi-iVestnes_IMG3979-1920px.jpg

Kort veg til spennande jobbar

Ho har tidlegare arbeidd lenge både i Molde og Ålesund. Alltid med Fiksdal som base.

– Vestnes ligg mellom to store arbeidsmarknader med utruleg mange spennande jobbar, og eg har vore heldig å få ha fleire av dei. Her har vi Fylkeshuset, NTNU, innovasjonsmiljøa i begge byane, sjukehuset i Molde, sjukehuset i Ålesund og det maritime miljøet. Samtidig som kort veg til to flyplassar gjer at me har korte avstandar til jobbar både i Oslo og Europa. Det er kortare frå Fiksdal til London, enn frå Bærum til London, smiler Heidi. 

Meditativ hobby

Livet som statsekretær innebærer stort ansvar og ein stressande kvardag. Då er stillheita i Fiksdalen ekstra god å ha i helgene. 

– Noko av det beste med å bo her er at eg kan slå av stressknappen fullstendig. Eg kan vere påslått midt i veka og slå av når eg kjem hit. 

Ziggi-iVestnes_IMG3941-1920px.jpg

Dei mange tusen biene ho røktar gjer det enkelt å skru av knappen. Ein hobby ho fekk då ho bestemte seg for å auke pollinering av epletrea, tok eit birøktarkurs og vart hekta.

–  Det er så fasinerande korleis dei kommuniserer, flyg og lever. Eg blir heilt oppslukt. Når eg arbeider med dei kan eg ikkje tenkje på noko anna. Det er så mykje adrenalin i hovudet. Eg må overstyre hjernen når eg puttar handa ned til mange tusen bier, for det er ikkje heilt naturleg. Då har du ikkje rom for andre tankar. Det er ei meditativ øving som rensar hovudet. 

Plass til alle

Heidi trur det er mindre stressande for dei fleste å bu på bygda. 

– Det er mindre press på små plassar. Du blir godkjent for den du er og det er plass til å vere seg sjølv. Plass til å vere ivrig, til å delta og få lov til å bidra i lokalsamfunnet om du flyttar til Vestnes. 

– Folk som vil etablere seg her blir tatt godt imot. Viss du vil komme hit å starte noko spennande er det plass til deg, smiler Heidi.