Då Charlotte Stranden Karlsnes var ferdig utdanna marknadsførar, tenkte ho at det var vanskeleg å finne ein spennande og aktuell jobb heime i Vestnes. Ho fekk seg jobb i Oslo og arbeidde som digital rådgivar der i over tre år før ho skjønte at ho måtte heim att.

– Eg sakna familien min. Eg trudde ikkje det var mogleg å finne ein aktuell jobb for meg heime då eg var ferdig utdanna. Men etter å ha sjekka litt såg eg at det faktisk er ein stor jobbmarknad fordi ein kan pendle til mange ulike stader, fortel Charlotte som kjem frå Tomrefjorden. 

No arbeider ho som digital rådgivar i Ålesund. 

– Eg bruker faktisk like lang tid på jobb no som då eg budde i Oslo, seier Charlotte fornøgd. 

Ziggi-Charlotte-_IMG5243.jpg

Tomra Brass Band og Kodeklubb

Charlotte er ivrig musikar på fritida og er glad for å kunne dyrke hobbyen sin for fullt.

– Ein av dei kjekke tinga med å flytte heim var å starte og spele i Tomra Brass Band igjen. Me speler i første divisjon i Noreg og vi er i NM kvart år, så det er mykje jobb. Men det er kjempeartig. Eg trur det er ein fin arena for folk som flytter hit å bli med på sånne type aktivitetar og bli kjent med folk i området. 

I tillegg har ho starta opp Kodeklubben, eit tilbod for barn og unge i Vestnes.

– Kodeklubben Vestnes er ein frivillig organisasjon for barn i mellom 5. og 10. klasse. Her får barn kome og lære seg å programmere, utvikle seg og lære mykje innafor teknologi og matte, fortel Charlotte som trur det er endå lettare å starte ting på små plassar enn i større byar.

Ziggi-Charlotte -kodeklubb- Still001_2.jpg

 

Kort veg til dei ressurssterke

– Viss du har ein idé eller noko du brenn for er det lett å starte opp noko på ein liten stad. Her kjenner du ho som styrer biblioteket og næringssjefen eller kven det skulle vare. Vegen er kortare til dei personane som er ressurssterke og kan hjelpe til. 

Og ressurssterke personar er det mange av, i følgje Charlotte.

– Ein tenkjer jo at ein har kompetansen i byane rundt som Ålesund og Molde, men det har vi har faktisk her også, smiler ho.