Brit Guro Rypdal Hovden og Halvor Hovden tok det store valet i 2007. Dei flytta frå kjende og kjære, eit stort musikkmiljø og arbeid, og drog heim til Brit Guro sin fødestad, Tresfjord. Det har dei ikkje angra på. 

– Det å vekse opp på gard gir tryggleik og fridom, og ein lærer om livet. Det å oppleve ting på ekte. Du får ein nærleik til naturen og livet, og erfaringar du ikkje får i eit byggefelt eller ei blokk - eller ei bok, seier Brit Guro. 

Aktiv bygd

Ho tok lærarutdanninga si på Notodden, og der møtte ho Halvor. Dei etablerte seg på Notodden og fekk sitt første barn der, Tuva Johanne (14). Sidan den gong har dei fått tre barn til: Heine 12 år, Åsmund 7 år, Tiril snart 5 år.

Dei set stor pris på alle moglegheitene livet på gard og på bygda gir dei. 

– Tresfjord er kjend for å vere ei bygd der det skjer ting, både kulturelt og sosialt. Folk er flinke til å invitere og ha opne hus, og på sparket dra i gang bading eller andre ting via sosiale medier, seier Brit Guro. 

Ivrige musikarar

For både henne og mannen har musikk alltid hatt ein stor plass i livet. Halvor arbeidde som musikar på Notodden i ulike band og orkester. Sjølv om begge no arbeider fulltid som lærarar og driv gard ved sida av, er fortsatt musikk viktig, og dei er begge aktive i det musikalske miljøet i bygda.

– Det er veldig mykje som skjer. Og det er artig at det går an i ei lita bygd, seier Brit Guro.

Ziggi-iVestnes-_IMG9469-1920px.jpg

Ein draum

På garden har dei omlag 130 vinterfora sauer og driv med fôrproduksjon. Saman har dei bygd opp og skapt ein heim for heile familien. No er store delar av garden restaurert og fungerer slik dei vil. Det er likevel stadig noko som må vedlikehaldast. Men dei set stor pris på gardsarbeidet og alt dei lærer undervegs. Dette er noko dei drøymer om å dele med andre.

– Heilt sidan me flytta hit har me sett moglegheiter i å lage ein alternativ læringsarena. Å skape en mestringsarena er målet, og vi tenkjer oss å invitere skular, dei som bur på tilrettelagde bustadar eller turistar, fortel Halvor ivrig.

– Vi ønsker å dele plassen, ressursane og opplevingane med andre. Det å delta i gardsdrifta gjev meistring, og ein blir "god på livet". Berre det å skifte kledning på ein sommarfjøs er ei handdfast og konkret oppleving med læring i seg. Etterpå kan ein setje seg ned og seie: “Ta blei. Dette her har eg skapt", smiler Halvor.