Lyst å utforske den delen av Vestnes kommune som ligg under vatn? Då kan Tomrefjord Dykkerklubb vere noko for deg. Dykkarklubben har eige klubbhus, med mellom anna kompressor for vanleg luftfylling. Som medlem vert du ein del av eit dykkarmiljø og får tips om lokale dykkestadar og du kan vere med på felles dykketurar.