iVestnes Logo
  • Besøk Vestnes
  • Arbeid
  • Bustad
  • Kvardag
  • Fritid
  • Folk
  • Kontakt oss
Heim > Fritid > Organisasjonar > Vestnes Kulturskule

Vestnes Kulturskule

Vestnes kulturskule er eit lovpålagt skuleslag som tilbyr undervisning i kunstfag til alle som ønsker det. Kulturskulen fungerer som eit ressurssenter for musikk- kunst- og kulturfag i kommunen. Skulen har spisskompetanse på dei estetiske faga og arbeider dagleg med å gje barn og ungdom høve til å oppleve, utøve og utvikle seg gjennom kunst- og kulturfagleg verksemd. I kulturskulen får elevane tilpassa opplæring i musikk og kulturfag basert på kvalitet og glede. Det er ikkje krav til forkunnskap for å få tildelt plass. Kulturskulen har mange konsertar, utstillingar og framsyningar i løpet av skuleåret. I tillegg er elevar ofte ute på ulike speleoppdrag i kommunen. Å vere elev i kulturskulen krev øving og innsats heime mellom undervisnings-timane.

< Forrige sideNeste side >

Flytte hit? Her er fem enkle tips som hjelper deg på vegen!

LES MEIR

Vestnes kommune © 2020 | Personvern