SMUD ungdomsklubb er open kvar torsdag, kl. 18.00-21.00. Du finn den i Vestnes sentrum, storstua på gamle sjukeheimen - Misfjordvegen 2. Ungdomsklubben er ein uformell stad kor ungdom kan møtast. Brettspel, kortspel, air hockey, biljard og gaming med spillkonsollar er nokon av aktivitetane du finn her. Om du berre vil komme for å chille og bli kjend med andre er det også heilt OK! Det vil og bli enkel servering av mat og drikke, og ulike aktivitettilbod frå gong til gong. Ungdomsklubben er i samarbeid med Vestnes Røde Kors og andre frivillige. Ungdomsklubben er skal vere ein kjekk og trygg møtestad for alle, det er alltid minst to vaksne tilstade på ungdomsklubben. Program og nyaste informasjon finn du på facebook-sida og instagram: SMUD - eit ungdomstilbud