Helland barneskule

Helland barneskule er ein skule med elevar frå 1. - 7. årssteg. Elevane kjem frå Vågstranda, Vike, Tresfjord og Helland krins. Skulebygget er i utgangspunktet ein barne- og ungdomsskule, og det er vedtatt ombygging og renovering av bygget. I ombyggingsfasen er ungdomsskuleelevane flytta til Tresfjord.

Link til nettside

Helland ungdomsskule

Helland ungdomsskule har si undervisning i Tresfjord. Dette grunna ombygging og renovering av den eksisterande ungdomsskulen og barneskulen på Helland.

Link til nettside

Vike montesorriskule

Eit pedagogisk alternativ i Vestnes med 70 elevplassar. Skulen ligg på Vikebukt og arbeider etter Maria Montessori sine prinsipp.

Link til nettside

Tomrefjord skule

Ein kombinert barne- og ungdomsskule med 230 elevar, som bruker naturen aktivt i undervisninga.

Link til nettside

Fiksdal friskule

Fiksdal Friskule er ein privat skule eid og drifta av bebuarane i bygdene Fiksdal og Rekdal. Skulen er bygd på ein kristen profil og følgjer ein læreplan godkjent av Utdanningsdirektoratet. Skulen er godkjent av UDIR for å drive skule for 1. til 7. trinn. Skulen er open for alle barn i skulealder, uavhengig av bakgrunn og livssyn

Link til nettside

EnSpire - Tresfjord friskule

EnSpire - Tresfjord friskule er ein privateigd barneskule som driv etter ein eigen læreplan som EnSpire Norge AS har utarbeidd.

Link til nettside

Andre skuletilbod

Vestnes kulturskule

Kulturskulen i Vestnes har nærare 500 elevplassar. Som elev ved Vestnes kulturskule får du undervisning i eitt eller fleire kunstfag. I tillegg får du høve til å vere med på konsertar og større forestillingar.

Les meir

Gjermundnes vidaregåande skule

Den einaste landbruksskulen i Møre og Romsdal som har grøn line. I tillegg til å gi utdanning til framtidige tilsette i landbruket, har dei og utdanningsprogram som er viktig for å rekruttere arbeidskraft til den lokale skipsindustrien.

Link til nettside

Vestnes vaksenopplæring

Ein kommunal skule for norske og minoritetsspråklege vaksne. Ungdomar frå andre land med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan få opplæring frå dei fyller 16 år.

Link til nettside