Vi inviterer til innbyggardialog om bustader, bumiljø og arbeidet med den bustadpolitiske planen tysdag 17. november.
Korleis ønskjer vi at det skal vere å bu i Vestnes i framtida? Kva er viktig for at folk skal trivast der dei bur? Og kva skal til for at fleire skal kunne finne ein bustad som passar behova deira?
For å ta gode val bustader og bumiljø treng vi kunnskap om kva innbyggarane meiner. Difor inviterer vi til ein kveld der du både får informasjon og høve til å dele tankar, erfaringar og innspel.
Innspela frå innbyggardialogen vil vere eit viktig grunnlag når vi skal planleggje korleis Vestnes skal utvikle seg som ein god kommune å bu i, både i dag og i framtida.
Tid og stad
Dato: Tysdag 17. november
Tid: Kl. 17.00–19.00
Stad: Vestnes bibliotek
Alle er velkomne
Innbyggardialogen er open for alle. Du treng ikkje forkunnskap om temaet for å delta.
Vel møtt til ein viktig samtale om framtidas Vestnes kommune.