Fritidsaktivitetar

Kultur og fritid

Lån av utstyr

BUA inneheld det meste for å vere aktiv heile året. Utstyret kan lånast gratis av alle.

I samarbeid med Vestnes bibliotek lånar vi ut kanoar og SUP-brett i Kråkvika Friluftsområde til glede for alle innbyggjarar i Vestnes kommune.

Fargerikt grafisk design med ordet 'BUA' og 'VESTNES' på en bakgrunn av fargede geometriske former.

Idrett og friluftsliv

Tur

Det er mange flotte turmulegheite i Vestnes kommune, frå fjord til høge fjell. Vi har korte og lange turar, bratte og flate turar – turar for alle! Fleire organisasjonar har turgrupper og turregisteringskonkurransar. God tur!

Skilt som viser stikkUT, Kråkvika fritidsområde og turbotur. I bakgrunnen er det et vann, skog og solnedgang

Andre aktivitetar

Gjennom ein interesseorganisasjon kan du finne fellesskap med andre som er opptatt av det same som du, eller har den same hobbyen som du.

Det er eit stort mangfald i aktivitetane til interesseorganisasjonane i Vestnes kommune med aktivitet for og med ungdom, møter, trim, sosiale møteplassar, handarbeid, mat, hage, trening, turar, fagleg påfyll og mykje meir.

Interesse-organisasjonar

Tilpassa aktivitetstilbod

Gjennom små og store møteplassar, musikkstunder, kulturaktivitetar, fysisk aktivitet og sosialt fellesskap kan alle delta på sine eigne premiss. Vestnes kommune samarbeider tett med deltakarar, pårørande og fagpersonar for å skape aktivitetar som gir glede, fellesskap og gode opplevingar i kvardagen. Her handlar det om å finne det som passar for deg, og å gjere det i lag med andre.

Full Rulle – musikk frå livets byrjing 
KorGla
Musikkstund for eldre
Stikk UT! 
Språkafe
Påfyll på biblioteket
Pårørandevenn