Pårørandevenn
Er du pårørande til ein alvorleg sjuk heimebuande, eller kjenner du nokon som er det?
Vil du bruke litt av tida di til å bidra til at nokon får avlasting og fellesskap i ein krevjande kvardag?
Vestnes kommune deltek i eit interkommunalt samarbeid med Aukra, Hustadvika, Molde og Rauma om frivillig pårørande støtte og ordninga Pårørandevenn. Tilbodet er for deg som er pårørande til ein alvorleg sjuk heimebuande, og som står i ei krevjande omsorgsrolle.
Ein pårørandevenn er ein frivillig over 18 år som kan bidra med sosial støtte og praktisk hjelp, men skal ikkje erstatte helsehjelp.
Ein pårørandevenn kan:
være ein samtalepartnar
være ein tur-venn
utføre følge/transporttenester
hjelpe til ved matlaging, servering og være selskap under måltid
bistå med praktiske gjeremål i heimen og i hagearbeid
ta vare på kjæledyr
være med å tilrettelegge miljøet rundt pårørande og pasient
Om du treng ein pårørandevenn, eller ønskjer å bli ein, tek du kontakt med Vestnes frivilligsentral.
E-post: frivillig@vestnes.kommune.no
Tlf: 974 84 478