Mental helse
Å ta vare på den mentale helsa er like viktig som å ta vare på kroppen. I Vestnes finn du mange gode ressursar, aktivitetar og fellesskap som kan bidra til trivsel og livsglede. Her deler vi informasjon om tilbod som kan hjelpe deg å få det betre når livet byr på utfordringar.
-

Mental helse Vestnes
Mental helse Vestnes har faste treff første torsdag i kvar månar på Gamle Myra gard. Her kan du delta som medlem eller som frivillg.
-

Tilbod for ungdom
13 + er eit samtaletilbod for deg mellom 13 og 30 år i Vestnes kommune. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje henvising frå lege.
-

Hjelpetelefonar
Av og til er det godt å sleppe å vente på time. Her finn du hjelpetelefonar og -sider samla av Rådet for psykisk helse.
Kommunale tenester innan
psykisk helse og rus
Prosjektet “Snakkbart”
Vi må snakke om det!
“Snakkbart” er eit samarbeidsprosjekt mellom Mental helse Vestnes, 13+ og Vestnes kommune ved Frivilligsentralen, Biblioteket og Eining for familie og helse. Prosjektet er støtta av Stiftelsen DAM og varer over halvanna år. Foredrag, sosiale treffpunkt og kurs er blant tilboda du kan ta del i.
Følg med i Aktivitetskalenderen for å sjå når neste “Snakkbart”-arrangement finn stad!
ABC - for god psykisk helse
ABC - er en nasjonal folkehelsekampanje med mål om at alle skal kjenne til kva grep som skal til for å bygge og styrke livskvaliteten og den psykiske helsa.
Dette er dei tre grepa du kan gjere for deg sjølv og andre:
A - Gjere noko aktivt
Held du deg aktiv, vil du kjenne deg gladare. Det blir òg lettare å handtere kvardagens utfordringar.
B - Gjere noko meiningsfullt
Ver aktiv med noko som kjennest meiningsfullt for deg. Det kan vere å lære noko nytt, jobbe mot eit mål, gjere noko for andre eller bidra til ei god sak.
C - Gjere noko i lag med andre
Når du deltar i sosiale aktivitetar og bygjer gode relasjonar, får du ein følelse av å høyre til. Å vere ein del av eit fellesskap gir støtte i kvardagen.