Gratis utlån av kano og SUP i Kråkvika

Sommarens kanskje enklaste friluftsglede finn du i Kråkvika. I samarbeid med Vestnes bibliotek tilbyr Vestnes frivilligsentral gratis utlån av både kano, SUP‑brett og redningsvestar.

Alt du treng å gjere er å hente nøkkelen på biblioteket i opningstida. I naustet ved Kråkvika står utstyret klart. Tilbodet er ope for alle som vil nyte ei roleg padleøkt, prøve SUP for første gong eller berre ta ein liten pust i bakken ved sjøen. Dette er lågterskel friluftsliv og ein flott moglegheit til å utforske nærområdet frå vassflata.

Ta turen innom biblioteket, hent nøkkelen og legg ut på ein sommaraktivitet som både er gratis og lett tilgjengeleg. Vestnes frivilligsentral og biblioteket ønskjer alle ei god padleoppleving.

Neste
Neste

Pårørandevenn