Stikk UT!-vett

Stikk UT! er Noregs mest populære turkassetrim, og i Vestnes har vi mange fine turmål som tiltrekkjer både lokalfolk og tilreisande. Med aukande trafikk i naturen er det viktig å ta vare på både stiane og turgleda for alle som ferdast ute.

Stikk UT!-vett er eit sett med enkle retningsliner som byggjer på allemannsretten og allemannsplikta. Når du følgjer dei, bidreg du til trygg ferdsel, mindre slitasje og gode naturopplevingar for både deg sjølv og andre.

Bak kvart Stikk UT!-turmål ligg det mykje arbeid frå frivillige, grunneigarar, friluftsråd og kommunen. Dei merker stiar, byggjer klopper, vedlikeheld rasteplassar og sørgjer for trygg ferdsel. Når vi viser godt turvett, tek vi vare på dette viktige arbeidet og sikrar at naturen toler bruk også i framtida.

Stikk UT!-vett – ta vare på naturen og kvarandre

For at alle skal få gode opplevingar, oppmodar vi om å følgje desse turvettreglane:

  • Vel turar som passar ferdigheita dine – du har ansvar for eiga tryggleik.

  • Les turforklaringa før du går – opningsdatoar og forhold kan variere.

  • Parker som tilvist – ikkje stå i vegen for andre.

  • Ta vare på stiane – unngå slitte stiar i våte periodar.

  • Vis omsyn til dyr og fuglar – lukk grinder og ikkje forstyrr husdyr.

  • Hugs bandtvang – lause hundar kan skade reir og forstyrre dyreliv.

  • Bruk eksisterande bålplassar – ikkje lag bål på svaberg eller fast fjell.

  • Gå langt unna sti og vasskjelder ved dobesøk – ta med dopapir heim.

  • Ta med søppel heim – både ditt og det du finn på vegen.

Takk for at du tek omsyn. Små val gjer stor forskjell for naturen og alle som ferdast ute.

Slik blir du med på Stikk UT!

Last ned Stikk UT!-appen, finn turmål i Vestnes og registrer turane dine. Det er gratis, enkelt og motiverande og du blir ein del av eit stort friluftsfellesskap.

Forrige
Forrige

Innbyggardialog om beredskap

Neste
Neste

Gratis utlån av kano og SUP i Kråkvika