Vestnes Røde Kors og Tresfjord Røde Kors og Vestnes frivilligsentral samarbeider også i år om Julegledeaksjonen. Målet er å gjere jula litt enklare og finare for familiar og enkeltpersonar i Vestnes kommune.
Er du i ein vanskeleg økonomisk situasjon denne jula, og kjenner at du treng litt ekstra hjelp?
Då håper vi at du tek kontakt med oss.
Gjennom aksjonen kan vi hjelpe med matkasse, julegåver og gåvekort på mat. Vi har teieplikt, og saman finn vi ei løysing for henting eller levering.
Slik melder du behov
Send ein SMS til Vestnes Frivilligsentral på 974 84 478 innan 10. desember.
Dersom det er vanskeleg å ta kontakt sjølv, kan du også melde behov gjennom ein kontaktperson i NAV, heimetenesta, flyktningtenesta, helsestasjonen, legekontoret eller barneverntenesta.
For å motta hjelp må du vere busett i Vestnes kommune.
Vi har teieplikt
Vi veit at det kan vere vanskeleg å be om hjelp. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt, og vi ønskjer at terskelen for å ta kontakt skal vere låg.
Ønskjer du å støtte aksjonen? ❤️
Du kan vippse eit valfritt beløp til Tresfjord og Vestnes Røde Kors på Vipps 531352. Tusen takk for at du er med og skaper juleglede i Vestnes.