Kreativt kurs for ungdom

Er du glad i å teikne, male, utforske visuelle uttrykk eller skape med hendene? Då er dette kurset midt i blinken for deg! Gjennom ti kreative veker får ungdom utforske ulike materialar, teknikkar og uttrykksformer frå teikning og måling til kropp, bevegelse og scenearbeid. Her får du bruke eigne idear, vere nysgjerrig og skape fritt, både åleine og saman med andre.

Kurset er gratis, ope for ungdom frå 8. trinn til 18 år, og blir arrangert av SMUD, med støtte frå BUFDIR. Målet er å gi ungdom eit trygt rom for kreativ utfolding, meistring og sosialt fellesskap utan krav om å vere «flink» eller prestere.

Lærar: Vladana Nikolic
Stad: SMUD
Tid: Onsdagar kl. 17–19
Periode: Veke 37–47 (med installering/scenerigging i veke 47)

Påmelding: Send e-post til julie.eide@vestnes.kommune.no og oppgi namn, alder, skule og eventuelle allergiar.
Frist: 7. september

Klar for å skape? Bli med på eit kreativt eventyr i haust!

Neste
Neste

Innbyggardialog om beredskap