Over 1,1 millionar kroner til aktivitet for barn og unge
Vestnes idrettsråd har i løpet av 2026 fordelt over 1,1 millionar kroner til aktivitet for barn og unge i Vestnes kommune. Midlane skal styrke idrettslaga sitt arbeid og bidra til at fleire får høve til å delta i organisert aktivitet.
Fleire tildelingar gjennom året
Den siste fordelinga omfattar 708 098 kroner i lokale aktivitetsmidlar (LAM) frå Kultur- og likestillingsdepartementet og 116 162 kroner i ekstra midlar for hausten 2026. Tidlegare i år fordelte Vestnes idrettsråd også 88 000 kroner i ekstra midlar og 170 000 kroner i kulturmidlar til idretten.
Samla utgjer dette over 1,1 millionar kroner til aktivitet og fellesskap. Bak tala ligg eit mål om at fleire skal få oppleve meistring, venskap og gleda ved å vere med. Midlane støttar både idrettslaga sitt ordinære aktivitetstilbod og tiltak som opnar fellesskapet for fleire.
Eit løft for barn og ungdom
Hovuddelen av midlane blir fordelte etter medlemstal i aldersgruppa 6 til 19 år. Ungdom blir prioritert ved at medlemmar i alderen 13 til 19 år tel dobbelt samanlikna med barn i alderen 6 til 12 år.
Dei ekstra midlane skal hjelpe idrettslaga med å inkludere barn og unge som elles kan ha vanskar med å delta på grunn av økonomi. Målet er at fleire skal få moglegheit til å vere med i aktivitetane idrettslaga tilbyr.
— Takk til alle idrettslaga og dei frivillige som gjer midlane om til aktivitet, meistring og gode opplevingar. Det er innsatsen dykkar som gjev pengane verdi i barn og unge sin kvardag, uttalar Joar Kirkeslett leiar i Vestnes idrettsråd.
Korleis midlane er/blir fordelt ser du i oversikta under.