Prosjektet “Snakkbart”

“Snakkbart” er eit samarbeidsprosjekt mellom Mental helse Vestnes, 13+ og Vestnes kommune ved eining for familie og helse, Vestnes frivilligsentral og Vestnes bibliotek.

Stiftelsen Dam har bevilga kr 300 000,- i støtte til prosjektet, og det gjer at ein kan tilby eit breitt spekter av tilbod gratis til innbyggarane! Samarbeidsgruppa har kome fram til følgande “Snakkbart”-arrangement: Foredrag på biblioteket, der mental helse er tema, foreldrekurs og sosiale samankomstar med tematikk innan psykisk helse.

Namn som André Ulveseter, Ingvard Wilhelmsen, Helsesista og Øyvind Rafto frå Raske menn er på programmet.

I tillegg vil det gjennom prosjektet bli informert breiare om tilbod innan mental helse i Vestnes.

Følg med i aktivitetskalenderen og på aktuelle plattformer i sosiale media for arrangment!

Forrige
Forrige

Skøyteis Vestnes idrettspark

Neste
Neste

BUA Vestnes