Pårørendekonferansen 2026
Vestnes kommune inviterer til felles vising av Pårørendekonferansen 2026
Korleis skal pårørande, fagfolk og politikarar møte dei mange utfordringane som legg press på velferdssystemet vårt?
Ressursmangel, ulike roller, omsyn, oppfatningar og behov kan skape motstand, ikkje berre mellom oss, men også i møte med system, nye tiltak, strategiar og budsjettkutt. Pårørendekonferansen 2026 ser nærare på korleis vi kan overkomme motstanden mellom nasjonale løysingar og kommunale realitetar, mellom behov og ressursar, og mellom fag- og pårøranderoller.
Programleiarane Else Kåss Furuseth og Unni Birkeland vil leie oss gjennom dagen. Pårørandekonferansen har over fleire år vore ein populær arena, kjent for høg fagleg kvalitet og eit godt samansett program.
Kven passar konferansen for?
Konferansen passar for deg som er pårørande, representerer ein brukarorganisasjon, eller som rett og slett ønskjer meir innsikt i pårøranderolla og og samspelet mellom pårørande, tenester og samfunn.
Tid og stad
Dato: 23. september 2026
Tid: 10:00-14:30
Stad: Vestnes bibliotek
Arrangementet er gratis og ope for alle - Velkommen!