Undersøking om bustader og bumiljø i Vestnes kommune 

Vestnes kommune arbeider med ein strategisk bustadpolitisk plan og ønskjer innspel gjennom ei spørjeundersøking.

Den bustadpolitiske planen skal gi retning for korleis kommunen arbeider med bustader og bumiljø i åra framover. Målet er å få betre kunnskap om korleis innbyggarane opplever det å bu i Vestnes, kva behov som finst, og kva som er viktig for å skape attraktive og inkluderande bumiljø.

Svara frå undersøkinga vil bli brukte som innspel til planarbeidet saman med statistikk, analysar og annan relevant informasjon. Innspela vil bidra til å gi kommunen eit betre bilete av behov og erfaringar blant dei som bur i Vestnes i dag.

Ein av fleire måtar å bidra på

Spørjeundersøkinga er ein del av arbeidet med å hente inn kunnskap og innspel til den bustadpolitiske planen. Vestnes kommune vil òg gjennomføre ein innbyggardialog der du kan dele erfaringar, synspunkt og idear om bustader og bumiljø i kommunen.

Innbyggardialogen blir arrangert 17. november kl. 17.00 på Vestnes bibliotek.

Personopplysningar og personvern

Undersøkinga er anonym. Svara blir behandla i tråd med personvernregelverket (GDPR) og vil berre bli brukt som grunnlag for arbeidet med den bopolitiske planen.

Neste
Neste

Eigenberedskapsveka 2026