Utlysning av kulturmidlar og aktivitetstilskot
Vestnes kommune lyser ut kulturmidlar og aktivitetstilskot til frivillige lag og foreiningar kvart år. No kan ein søkje om midlar/tilskot for 2026.
Tilskotsordninga skal støtte frivillig aktivitet i kommunen og bidra til eit breitt og inkluderande kultur- og fritidstilbod.
Kven kan søkje?
Frivillige lag og foreiningar som:
er registrerte i Frivilligregisteret
har aktivitet i Vestnes kommune
Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan gjere det i denne lenkja: Registrering i Frivillighetsregisteret - Brønnøysundregistrene sine nettsider
Slik søkjer du
Du kan søkje gjennom det elektroniske søknadsskjemaet gjennom denne lenkja: Utlysning av kulturmidlar og aktivitetstilskot for 2026 - Vestnes kommune
Søknaden må innehalde informasjon om aktiviteten i laget.
Du må også leggje ved årsmelding for siste driftsår og rekneskap for siste driftsår som vedlegg i søknaden.
Søknadsfrist: Laurdag 25. april 2026.
Endeleg vedtak om fordeling av aktivitetstilskot for 2026 blir gjort av Vestnes formannskap i juni månad