Velkommen til innbyggardialog 11. juni

Torsdag 11. juni kl. 17:00–19:00 inviterer vi til ny innbyggardialog på Vestnes bibliotek.

Denne gongen gjer vi noko litt annleis. Vi set fokus på det vi får til i Vestnes, og ønskjer å løfte fram moglegheiter, engasjement og framtidstru.

Du vil møte fleire foredragshaldarar enn vanleg, med bidrag frå næringsliv, frivilligheita og andre gode krefter. Målet er å synleggjere breidda av det som skjer i Vestnes og inspirere til vidare utvikling.

Det overordna temaet denne gongen er «Sjå til Vestnes». Temaet handlar om kvifor ein bør rette blikket mot Vestnes: kva vi får til, kva moglegheiter som finst her, og korleis vi kan utvikle lokalsamfunnet vidare saman.

Kven møter du?

  • Vestnes kommune

  • Bauta Group

  • Vestnes Fjordhotell

  • Tresfjord og Vestnes Røde Kors

  • Prosjektgruppa «Ringar i vatnet», Vestnes teaterlag

Tid og stad

  • Torsdag 11. Juni

  • Kl. 17:00–19:00

  • Vestnes bibliotek

Innbyggardialogen er open for alle, og vi håpar både innbyggarar, næringsliv og frivillige vil delta.

Som vanleg blir det mogleg å gi innspel til kommunen gjennom gruppearbeid. Resultata blir publiserte på nettsida til Vestnes kommune, saman med kva vi gjer med innspela. Du kan lese om tidlegare innbyggardialogar her.

Neste
Neste

Sommarveka SMUD - gratis tilbod for ungdom