Lars Jensen Hammeraas sjøsette den 77 fot lange galeasen Søblomsten i Hellandbukta i 1864. Ho vart levert til kjøpmann Lars A. Bakke den 25. oktober same året, og gjekk rett i utanriksfart med klippfisk til mellom anna Barcelona, Lisboa og hamner rundt Østersjøen. På heimveg til Noreg frakta ho varer som salt, kol og korn.

Etter 17 år vart Søblomsten seld, og ho fekk fleire nye eigarar og heimehamner mellom Kristiansund og Bodø. I 1941 kjøpte Sigvard Fossaa fra Rørvik Søblomsten og lot den bygge om hos Rudolph Sørlie i Ottersøy. Fartøyet fikk nytt akterskip, kryssarhekk og en 100 hk Union-motor, og målte etter ombyggingen 85,1 fot. Den «nye» kryssaren gikk deretter i fraktefart langs kysten.

I 1983 overtok John Hausberg fra Sotra båten med planer om restaurering, men båten ble liggende i opplag. I 1990 ble Søblomsten solgt til den nystiftede Stiftinga Søblomsten som ønskte å tilbakeføre skuta til den opphavlege utforminga. Båtbyggar Eirik Wahl og Kystmuseet i Rørvik gjennomførte ein grundig dokumentasjon, og i åra frå 1992 til 2000 gjorde dei skrog og dekk i stor grad treferdig. Då arbeidet stoppa opp, overtok Båtbyggarmuseet i Vestnes Søblomsten. I 2020 vart ho henta heim. Vidare restaurering og ferdigstilling har sidan halde fram på Helland – berre hundre meter frå staden der båten vart bygd i 1864. I restaureringa er det lagt stor vekt på å bruke tradisjonshandverk og løysingar som ligg tett opp til originalen. Tradisjonshandverkarar og frivillige har drive arbeidet i samarbeid med mellom andre Hardanger fartøyvernsenter og Riksantikvaren.

Søblomsten er i dag ein del av Noreg si verna flåte. Vernestatusen sikrar fartøyet eit langsiktig perspektiv, og planen er at ho skal driftast som eit seglande museumsskip frå Helland. Romsdalsmuseet vil ha ansvar for drifta, og om bord skal ein formidle historia om skipsbygging i Vestnes, om Lars Hammeraas og om livet på ei tradisjonell seglskute.

LARS JENSEN HAMMERAAS

Hammeraas kom opphavleg frå Hardanger, men slo seg ned på Vestnes i 1850‑åra.

I løpet av dei første tolv åra på Vestnes bygde han 22 små og store fartøy i Hellandsbukta. Arbeidsstokken henta han både frå nærområdet og frå andre delar av landet. Sjølv om han verken kunne lese eller skrive, var han ein særs dyktig båtbyggjar. Mellom 1873 og 1875 stod han bak bygginga av fullriggeren Herman Lehmkuhl, eit prosjekt som samla rundt 70 arbeidarar.

Mange av dei som arbeidde for Hammeraas utvikla seg til erfarne båtbyggjarar og etablerte eigne verft. Dette la grunnlaget for ei omfattande båtbyggjarnæring i Vestnes, som gjennom tidene har hatt heile 82 verft i drift. Hammeraas bygde over 50 skip, men berre eitt av dei er bevart i dag: Søblomsten.

Hammeraas blir rekna som ein av dei viktigaste pionerane bak den maritime industrien som framleis pregar Vestnes. Arven etter han har hatt stor betydning for regionen, og Søblomsten står i dag som eit synleg symbol på romsdalsk skipsbyggjartradisjon og på starten av utviklinga av ei sterk maritim klynge på Nordvestlandet.