Filmserien «Veien til drømmejobben» viser fram lokale karrierevegar!
Korleis finn ein eigentleg vegen til draumejobben, og kva skal til for at fleire unge blir verande i regionen og i Vestnes?
Det er spørsmåla som ligg bak filmserien «Veien til drømmejobben», som no er lansert.
Gjennom tre episodar møter publikum ni personar som alle har funne si eiga karriere. Nokre gjennom tradisjonelle utdanningsløp, andre ved å tenkje heilt nytt. Serien viser korleis dei kom dit dei er i dag, kva val som forma reisa, og kva dei meiner unge kan lære av erfaringane deira.
Episodane tek for seg tre tema som ungdom sjølv peikar på som avgjerande i karrierevalet:
pengar, fleksibilitet og meining.
Yrke som gir stabilitet og gode lønsutsikter.
Korleis moderne arbeidsformer kan gi balanse og fridom.
Å følgje interessene sine og byggje ein karriere rundt det som betyr noko.
Om arbeidet bak filmserien
Møre og Romsdal er ein region med mange moglegheiter, sterk kompetanse og eit variert arbeidsliv. Likevel opplever mange ungdommar at avstanden mellom det dei lærer på skulen og dei karrieremoglegheitene som faktisk finst lokalt, er større enn ho treng å vere.
Samtidig melder fleire verksemder om behov for arbeidskraft innan helse, teknologi, industri og kreative fag. Dette skapar eit behov for å synleggjere dei jobbmoglegheitene som finst, og gjere dei meir tilgjengelege for unge som skal velje vidaregåande, utdanning eller yrkesveg.
Veien til drømmejobben er laga for å gjere dette enklare.
Prosjektet er utvikla av iema ved Josefine Rødal Tomren i samarbeid med Memoria, og er støtta av Vestnes kommune, Vestnes Næringsforum og GassROR.
Prosjektet viser fram lokale yrke og arbeidsplassar gjennom historier frå menneske som allereie arbeider i dei. Filmane knyter saman ungdommane sine verdiar med konkrete karrierevegar i regionen.
Veien til drømmejobben er utforma som eit levande og voksande konsept. Prosjektet kan utvidast med eigne bedriftsepisodar, der lokale verksemder får moglegheita til å vise fram fagmiljø, karrierevegar og verdiar.
I tillegg kan serien kombinerast med foredrag på skular, der elevar får møte representantar frå næringslivet og diskutere kva «draumejobben» betyr for dei.
Slik skal prosjektet halde fram med å inspirere, byggje stoltheit over lokale arbeidsplassar – og vise at vegen til draumejobben ofte startar nærare enn ein trur.