Vestnes kommune inviterer til innbyggardialog med fokus på ungdomen!
Innbyggardialogane er til for å styrke dialogen med innbyggarane, og denne gongen rettar Vestnes kommune særleg merksemda mot ungdom i Vestnes.
Kvelden handlar om ungdomsmiljø, fritid og førebygging, og om korleis vi saman kan skape gode og trygge rammer for barn og unge i kommunen.
– Vi ønskjer at ungdom skal få vere med og påverke. De veit best kva som fungerer, og de sit på erfaringar og perspektiv som er viktige for oss i det vidare arbeidet, seier kommunedirektør Audhild Mork.
Etter ei kort orientering, mellom anna frå ungdomsrådet, blir deltakarar delt i grupper der alle får konkrete spørsmål å jobbe med. Innspela blir tekne med vidare i omstillingsarbeidet.
Har du ein ungdom i hus?
Kvifor ikkje ta dei med og gi dei ei moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen. Om det kan hjelpe på motivasjonen blir det servert gratis pizza.
Tid og stad:
Måndag 23. mars
Kl. 17:00–19:00
Vestnes bibliotek