Veien til drømmejobben 

Korleis finn ungdom vegen til drømmejobben, og kva skal til for at fleire vel å bli verande i regionen? 

Det er spørsmåla bak filmserien «Veien til drømmejobben».

Gjennom tre episodar møter publikum ni personar som alle har funne sin eigen karriereveg, og viser både tradisjonelle og meir utradisjonelle vegar inn i arbeidslivet. Episodane tek for seg tre tema som ungdom sjølv peikar på som avgjerande i karrierevalet:

pengar, fleksibilitet og meining.

Yrke som gir stabilitet og gode lønsutsikter.

Korleis moderne arbeidsformer kan gi balanse og fridom.

Å følgje interessene sine og byggje ein karriere rundt det som betyr noko.

Om arbeidet bak filmserien  

Møre og Romsdal er ein region med mange moglegheiter, sterk kompetanse og eit variert arbeidsliv. Likevel opplever mange ungdommar at avstanden mellom det dei lærer på skulen og dei karrieremoglegheitene som faktisk finst lokalt, er større enn ho treng å vere. 

Samtidig melder fleire verksemder om behov for arbeidskraft innan helse, teknologi, industri og kreative fag. Dette skapar eit behov for å synleggjere dei jobbmoglegheitene som finst, og gjere dei meir tilgjengelege for unge som skal velje vidaregåande, utdanning eller yrkesveg. 

Veien til drømmejobben er laga for å gjere dette enklare.  

Prosjektet er utvikla av iema ved Josefine Rødal Tomren i samarbeid med Memoria. Det er støtta av Vestnes kommune, Vestnes Næringsforum og Gassror

Prosjektet viser fram lokale yrke og arbeidsplassar gjennom historier frå menneske som allereie arbeider i dei. Filmane knyter saman ungdommane sine verdiar som løn, fleksibilitet og meining med konkrete karrierevegar her i regionen.

Du kan lese meir om prosjektet på veien til drømmejobben si nettside.