Del eit glimt frå kvardagen!

I samband med prosjektet Mangfald lagar produksjonsselskapet Oclin kortfilmar for Vestnes kommune. No oppfordrar vi bedrifter, lag, organisasjonar og tilsette i Vestnes kommune til å sende inn små videosnuttar frå kvardagen sin.

Kva slags klipp ser vi etter? 

Vi vil gjerne sjå glimt som viser trivsel, samarbeid, inkludering og fellesskap – både i små og store augeblikk.

Det kan til dømes vere:

  • Frå arbeidsplassen, til dømes ein vanleg dag, ei lunsjpause, samarbeid i kvardagen eller ei feiring.

  • Frå aktivitetar eller arrangement i nærmiljøet, til dømes frå øving, trening eller andre sosiale samanhengar.

  • Frå dugnad, kurs eller prosjekt de jobbar med.

Situasjonar frå scena, ute i naturen, på bana, på verkstadet, i butikken eller på kontoret er aktuelle - men også mange andre situasjonar. Det viktigaste er at klippa fangar det gode mangfaldet og fellesskapet i Vestnes.

  • Frist: 16. november 2025

Trykk her for meir informasjon om innsending av film

Forrige
Forrige

BUA Vestnes