Inkludering og mangfald

Mangfaldet vårt gir styrke og rikdom – det opnar for nye perspektiv, sterke relasjonar og eit levande nærmiljø. I Vestnes er det rom for deltaking, likestilling og respekt, og vi byggjer fellesskap på openheit, tryggleik og gjensidig støtte.

Vi ønskjer å vere ein stad der kvar enkelt får sjansen til å bidra og å utvikle seg, og der mangfaldet blir sett på som ein ressurs som gjer lokalsamfunnet vårt endå sterkare.

Vi i Vestnes

Vi som bur i Vestnes kommune utgjer eit mangfaldig og levande fellesskap. Her finn du folk med røter i bygda gjennom generasjonar, og nye innbyggjarar som har busett seg her. Saman skaper vi eit lokalsamfunn der alle kan kjenne seg heime, uavhengig av bakgrunn, alder eller livssituasjon.

Kvart menneske bidreg med sine erfaringar, tradisjonar og ressursar – og nettopp dette gjer kommunen vår til ein stad med rik kultur, sterke fellesskap og eit inkluderande miljø. Vi møtast på skular og barnehagar, i frivillige lag og foreiningar, på arbeidsplassar og i fritidsaktivitetar, og vi deler kvardagsliv som gir både trivsel og meistring.

To personer står rundt et bord med mat, på en veg i et skogsområde

Ny i Vestnes

  • En gruppe mennesker deltar i en tautrekkingskonkurranse

    Mentorordning

    Har du nettopp flytta til Vestnes? Kanskje frå eit anna land? Då veit vi at det kan vere mykje nytt å finne ut av – alt frå skule og arbeid til fritid og kvardagsliv. For å gjere overgangen enklare har vi etablert eit mentorprogram som gir deg ein person å støtte deg på i starten.

    Ein mentor er ein som har budd i Vestnes ei stund, eller som er fødd her, og som kan dele erfaringar, forklare kultur, svare på spørsmål og invitere deg med på aktivitetar. Mentoren blir valt ut slik at de passar godt saman i alder og livssituasjon, og kan vere ein trygg person å ha ved sida di når du skal bli kjent med lokalsamfunnet.

  • Bilde tatt bakfra av et korps eller orkester med messingblåsere

    Aktivitetar

    Når du er ny i Vestnes, kan det å vere med på aktivitetar vere ein nøkkel til å bli kjent med folk og finne seg til rette. Gjennom turar, sosiale samlingar, frivillig innsats og lokale lag og foreiningar får du moglegheit til å møte andre, dele erfaringar og bygge vennskap.

    Å delta gir deg ikkje berre kunnskap om kvardagslivet her – det opnar dører til fellesskap, kultur og nye opplevingar. Slik blir du ein del av lokalsamfunnet, og Vestnes blir raskt ein stad der du kan kjenne deg heime.
    Sjå kva tilbod som finst i Vestnes.

  • En veg slynger seg gjennom et grønt åkerlandskap med hus langs vegen. I bakgrunnen fjell og en lettskyet himmel med sol

    Bygdene

    Vestnes kommune ligg vakkert til ved Romsdalsfjorden, omkransa av fjell og levande bygder. Her finn du både kommunesenteret Helland, med handel og knutepunkt mot byane Ålesund, Molde og Åndalsnes, og mindre bygder som Hjelvika, Vågstranda, Fiksdal, Rekdal, Vikebukt, Daugstad, Tomrefjord, Tresfjord, Øverås og Nerås.

    Kvart lokalsamfunn har sin eigen identitet – frå sterke teatertradisjonar og idrettsmiljø til verft, landbruk og dugnadsinnsats. Det er ulike aktivitetar å vere med på i kvar bygd.

Prosjektet Mangfald

Med støtte frå IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) har Vestnes kommune i 2024/25 gjennomført prosjektet Mangfald. Målet er at alle innbyggjarane skal oppleve Vestnes som ein stad for alle, der det er godt å bu.

I prosjektet er det gjort undersøkingar, utarbeidd ein handlingsplan, og det er laga tre filmar med tilhøyrande undervisningsopplegg for mellomsteget og ungdomsskulen. Ein av filmane er innbyggjarfilm. Filmane tek opp tema som fellesskap, inkludering og kvardagsliv og gir elevar høve til å reflektere over korleis vi kan skape eit lokalsamfunn der alle kjenner seg heime.

Innbyggjarfilmen – viser korleis vi ønskjer at Vestnes skal vere: ein stad der mangfald blir sett, respektert, og kor fellesskap står i sentrum.

Linker mangfoldsprosjekt