Fritidsaktivitetar
Kultur og fritid
-

Dans
Vestnes kulturskule tilbyr danseklassar for barn frå 3 år, innan hiphop, jazz, ballett og cheerleading. Kvart år deltek alle danseklassane på to felles forestillingar. Vaksne kan bli med på dans gjennom Vestnes Seniordans eller Linedance Vestnes.
Linedance Vestnes
Vestnes kulturskule
Vestnes seniordans -

Kor
Har du lyst til å synge i kor? Tomrefjord songlag er eit kor for vaksne og har øvingar i Tomrefjord. For vaksne finst òg Søblomsten shantykor, som vart etablert i 2023 for å heidre den stolte båtbyggjarhistoria i Vestnes. Barn kan glede seg over tilbod både frå Vestnes kyrkje og Vestnes kulturskule, som har eigne barnekor.
Søblomsten shantykor
Tomrefjord songlag
Vestnes kulturskule
Vestnes kyrkje -

Korps
Spele i korps? Du kan velje mellom heile seks korps i Vestnes kommune. To skulekorps, eit brassband, og tre janitsjarkorps.
Fiksdal/Rekdal janitsjar
Tomra Brass Band
Tomrefjord skulekorps
Tresfjord janitsjar
Vestnes musikklag
Vestnes og Daugstad/Vike skolekorps -

Museum
Heile tre museum er lokalisert i Vestnes kommune: Tresfjord museum, Gjermundnes landbruksmuseum og Vestnes båtbyggeri. Musea ligg i vakker omgjevnadar, og har mykje spanande historie å by på for besøkande. Musea er meir eller mindre drifta av frivillige vennelag, og dei tek gjerne i mot fleire engasjerte medlemmar som kan vere med og forvalte historia vår.
Gjermundnes landbruksmuseum
Tresfjord museum
Båtbyggarmuseet i Vestnes -

Musikk
Lyst å spele ilag med andre? Eller lære å spele eit instument? I tillegg til dei seks korpsa fins det spelemannslag og band/grupper som ein kan bli med i. Vestnes musikkverksted tilbyr øvingslokale og Vestnes kulturskule har opplæring i dei fleste instrument.
Spelemannslaget Dåm og Drag
Vestnes kulturskule
Vestnes musikkverksted -

Teater
I Vestnes kommune finn du fleire kreative teaterlag som kvart år set opp små og store produksjonar. I Vestnes kommune finn du også ein revyfestival: Gapskattfestivalen i Tresfjord. Teaterlaga har ei bredde av aktivitetar og vil ha med folk både på og bak scena, til musikk og song, og til det tekniske og organisatoriske rundt ein produksjon.
Gapskrattfestivalen
Romsdalsnes revylag
Tresfjord ungdomslag
Vestnes teaterlag
Lån av utstyr
BUA inneheld det meste for å vere aktiv heile året. Utstyret kan lånast gratis av alle.
I samarbeid med Vestnes bibliotek lånar vi ut kanoar og SUP-brett i Kråkvika Friluftsområde til glede for alle innbyggjarar i Vestnes kommune.
Idrett og friluftsliv
-

Ballsport
I Vestnes har du gode moglegheitar om du likar å drive med ballsport. Her kan du være med på både fotball, handball, basketball, volleyball og krokket.
Basketball: Tresfjord IL
Håndball: Vestnes Varfjell IL
Krokket: Rekdal IL
Volleyball: Vestnes Volleyballforening
Fotball:
Fiksdal/Rekdal Ballklubb
Tomrefjord IL
Vestnes Varfjell IL
Vågstranda Idrettslag -

Barneidrett
Fleire av idrettslaga i Vestnes kommune har eit tilbod til dei yngste barna gjennom sine barneidrettsgruppe. Her får barna leika og testa ulike idrettar.
Fiksdal/Rekdal Ballklubb
Tomrefjord IL
Tresfjord IL
IL SamhaldVågstranda Idrettslag -

Hest og hund
Vestnes kommune er kjent for sine hestesportmiljø - det finns moglegheiter både for å trene eigen hest, og for å få tatt seg ein tur på hesteryggen i vakker natur.
Lyst å trene hunden din saman med andre? Vestnes Hundeklubb har eiga bane og hall på Furland.
Vestnes Islandshestforening
Vestnes Hundeklubb -

Langrenn og slalom
Vestnes kommune har mange og varierte skiløyper perfekt for både rekreasjon og lengre treningsturar. Mange av løypene er godt egna for barn og familiar på tur. Idrettslaga og frivillige legg ned mange frivillige timar i å køyre opp løyper til glede for oss alle! På Ørskogfjellet har vi slalombakke som passar både vaksne og barn. På BUA Vestnes kan du låne skiutstyr gratis.
BUA Vestnes
IL Samhald
Tomrefjord IL
Tresfjord IL
Vågstranda Idrettslag
Ørskogfjell Skisenter -

Skyting
Skyttarlag og skyttarbane finn du i heile Vestnes kommune, her er det mange moglehgeiter.
Rekdal Skytterlag
Fiksdal Skytterlag
Tresfjord Skyttarlag
Vestnes Pistolklubb
Vestnes og Vågstranda skytterlag -

Svømming og dykking
I Vestnes kommune har vi to svømmebasseng, eit i Tomrefjord idrettshall og eit varmebasseng på Myra (Helland sentrum). Svømmegruppa i Tomrefjord Idrettslag tilbyr publikumsbading og trening for vaksne i svømmehallen i Tomrefjord Idrettsbygg. Bassenget på Myra er ubetjent og ope berre for personar med hjelpebehov som deltek i organisert aktivitet.
Svømmegruppa i Tomrefjord IL
Myra varmebasseng
Tomrefjord svømmehall -

Treningsgrupper
Idrettslaga har tilbod om ulike treningsgrupper: styrketrening, kondisjonstrening, aerobic, tur med meir. Sjekk ut tilboda og finn di treningsgruppe.
Fiksdal IL
KRIK Vestnes
Sport 1 Tomra Løpeklubb
Tresfjord IL
Vestnes Varfjell IL
Vågstranda Idrettslag -

Turn
Tomrefjord IL Turn er ei svært aktiv gruppe med omlag 100 aktive gymnaster. TIL Turn tilbyr turn for barn frå 1.klasse, men har også tilbod for yngre barn. Turngruppene trenar i eigen turnhall i Tomrefjord Idrettsbygg.
Tomrefjord IL -

Andre idrettar
Vil du drive med frisbeegolf, kampsport eller klatring har du gode moglegheiter i Vestnes!
Frisbeegolf: Øverås Idrettslag
Kampsport: Vestnes Varfjell IL
Klatring: Tomrefjord IL
Tur
Det er mange flotte turmulegheite i Vestnes kommune, frå fjord til høge fjell. Vi har korte og lange turar, bratte og flate turar – turar for alle! Fleire organisasjonar har turgrupper og turregisteringskonkurransar. God tur!
Andre aktivitetar
-

Bil og motor
Syns du det er kjekt med motor og alt som kan køyrast? I Vestnes har vi både MC-klubb og motorklubb. Norsk Motorklubb Vestnes er organisert under Norges Idrettsforbund. På Øverås finn du også ei splitter ny Knøttecross bane (Norsk Motorklubb Vestnes).
-

Bygdelag
Vestnes kommune består av mange flotte bygder der det i fellesskap vert skapt aktivitet og gode møteplassar. Bli med og lag ditt lokalsamfunn endå betre!
Daugstad Bygdelag
Fiksdal Vel
Furland IL
Hagneset Vel
Skorgen Vel
Tresfjord Bygdelag
Tresfjord Ungdomslag
Ungdomslaget Frihug – Øverås og Nerås
Vike Ungdomslag
Vike Vel
Vågstranda Ungdomslag
Vågstranda Vel -
Båt
Alle bygdene i Vestnes kommune har ei småbåtforening, sjå lenker for oversikt og aktivitet. I Kråkvika friluftsområde er det gratis utlån av robåtar, kontakt Vestnes Frivilligsentral for å låne.
Vestnes Frivilligsentral
Vike småbåtforening
Vestnes småbåtforening
Tomrefjord småbåtlag
Fiksdal småbåtlag
Tresfjord småbåtlag -

Helselag
Helselaga er lokallag for Nasjonalforeningen for folkehelsen, og i Vestnes kommune er det fire lokallag. Lokallaga skapar mange kjekke sosiale møteplassar og aktivitet i kommunen.
Frostad Helselag
Rekdal Helselag
Vike Helselag
Øverås Helselag -

Pensjonistlag
Pensjonistlaga i Vestnes kommune skapar møteplassar og aktivitet for medlemmar og andre innbyggjarar i kommunen. Vi har fire pensjonistlag i kommunen: Vike, Tresfjord, Vestnes og Tomrefjord pensjonistlag.
Tomrefjord Pensjonistlag
Tresfjord Pensjonistlag
Vestnes Pensjonistlag
Vike og Vågstranda pensjonistlag -

Politikk
Har du eit stort engasjement for utviklinga i Vestnes kommune? Ein måte å kunne vere med og påverke utviklinga er gjennom politisk engasjement. Sjå menyen til høgre for oversikt over dei politiske partia i Vestnes kommune.
Vestnes Arbeiderparti
Vestnes Framskrittsparti
Vestnes Høgre
Vestnes Kristelige folkeparti
Vestnes Senterparti
Vestnes Sosialistiske Venstreparti
Vestnes Venstre -

SMUD - eit ungdomstilbud
SMUD er eit tilbod for alle ungdommar i Vestnes kommune, og det er heilt gratis. Aldersgrensa er frå 8.klasse til 18 år. Tilboda er ungdomsklubb og opa dør.
SMUD ungdomsklubb er open kvar torsdag, kl. 18.00–21.00, tysdag og onsdag 14.30–16.30. Du finn den i Vestnes sentrum, storstua på gamle sjukeheimen - Misfjordvegen 2.
Les meir om SMUD
Gjennom ein interesseorganisasjon kan du finne fellesskap med andre som er opptatt av det same som du, eller har den same hobbyen som du.
Det er eit stort mangfald i aktivitetane til interesseorganisasjonane i Vestnes kommune med aktivitet for og med ungdom, møter, trim, sosiale møteplassar, handarbeid, mat, hage, trening, turar, fagleg påfyll og mykje meir.