Skule

Vestnes kommune har eit godt og solid skuletilbod, med grunnskular, vidaregåande skule, vaksenopplæring og kulturskule. Felles for dei alle er evne til samarbeid på tvers, engasjerte lærarkrefter og høg trivsel blant elevane.

  • En gruppe ungdommer på fjelltur med utsikt over sjø og skyet himmel

    Helland barneskule

    Helland barneskule er ein skule med elevar frå 1. - 7. årssteg. Elevane kjem frå Vågstranda, Vike, Tresfjord og Helland krins. Skulebygget er i utgangspunktet ein barne- og ungdomsskule, og det er vedtatt ombygging og renovering av bygget. I ombyggingsfasen er ungdomsskuleelevane flytta til Tresfjord.

  • En gruppe ungdommer står side om side utendørs, fremfor skolen, alle iført matchende lilla t-skjorter.

    Helland ungdomsskule

    Helland ungdomsskule har si undervisning i Tresfjord. Dette grunna ombygging og renovering av den eksisterande ungdomsskulen og barneskulen på Helland.

  • En gruppe barn som står og sitter på og rundt steiner i skogsområde.

    Vike Montessoriskule

    Privatskulen er eit pedagogisk alternativ i Vestnes med 70 elevplassar. Skulen ligg på Vikebukt og arbeider etter Maria Montessori sine prinsipp.

  • Tre barn som leker på en utendørs lekeplass, og turner å klatreapparater.

    Tomrefjord skule

    Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 230 elevar, som bruker naturen aktivt i undervisninga.

  • Barn og voksne som sitter på tribunen fremfor fotballbanen ved skolen, en solrik dag.

    Fiksdal friskule

    Fiksdal Friskule er ein privat skule eigd og drifta av bebuarane i bygdene Fiksdal og Rekdal. Skulen er bygd på ein kristen profil og følgjer ein læreplan godkjent av Utdanningsdirektoratet.

    Skulen er godkjent av UDIR for å drive skule for 1. til 7. trinn. Skulen er open for alle barn i skulealder, uavhengig av bakgrunn og livssyn.

  • Fjell med skyer, refleksjon av fjell og sky i en vannet, enger og spredte bygninger i et landskap.

    EnSpire – Tresfjord friskule

    EnSpire - Tresfjord friskule er ein privateigd barneskule som driv etter ein eigen læreplan som EnSpire Norge AS har utarbeidd.

Andre skuletilbod

  • Fire barn og en voksen spiller på musikkinstrumenter på en scene med lyseffekt.

    Vestnes kulturskule

    Kulturskulen i Vestnes har nærare 500 elevplassar. Som elev ved Vestnes kulturskule får du undervisning i eitt eller fleire kunstfag. I tillegg får du høve til å vere med på konsertar og større forestillingar.

  • To personer rir på hester gjennom en skog med høstfarger.

    Gjermundnes vidaregåande skule

    Den einaste landbruksskulen i Møre og Romsdal som har grøn line. I tillegg til å gi utdanning til framtidige tilsette i landbruket, har dei og utdanningsprogram som er viktig for å rekruttere arbeidskraft til den lokale skipsindustrien.

  • En enkel, hvitmalt bygning med en rød inngangsdør og vinduer, en sykkel parkert mot veggen, og en utendørs benk eller piknikbord foran bygningen, med klar himmel og noen skyer i bakgrunnen.

    Vestnes vaksenopplæring

    Ein kommunal skule for norske og minoritetsspråklege vaksne. Ungdomar frå andre land med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan få opplæring frå dei fyller 16 år.