Bygdene

Vestnes er ein god kommune å bu i for folk i alle aldrar. Her kan du bu sentrumsnært eller meir landleg, og Vestnes ligg sentralt plassert midt i Møre og Romsdal fylke. Eit godt utbygd tenestetilbod, nærheit til fjell og sjø, eit mangfald av aktivitetar for liten og stor - Vestnes er midt i blinken for det gode liv!

  • Panoramabilde Vestnes

    Vestnes

    Kommunesenteret Vestnes ligg vakkert plassert mellom majestetiske fjell på sørsida av Romsdalsfjorden. Her bur 2432 av kommunens 6532 innbyggarar (2020), og her finn du det aller meste av det du treng innan handel. Tettstaden er eit viktig knutepunkt for ferdsel mot Ålesund, Molde og Åndalsnes.

  • Utsikt fra Nøta mot Vågstranda

    Hjelvika – Vågstranda

    Hjelvika og Vågstranda ligg flott til på grensa mellom Vestnes og Rauma. Bygdene har omlag 450 innbyggjarar, bygdene er kjent for sterke teatertradisjonar, og eit godt ski- og friidrettsmiljø.

  • Panoramabilde Fiksdal

    Fiksdal

    Fiksdal, med sine 376 innbyggarar, er ei bygd med mykje aktivitet og vakker natur. Landhandel, oppvekstsenter og forsamlingshus er viktige treffpunkt. Nytt bustadfelt sentralt i bygda er under oppføring.

  • Panoramabilde Rekdal

    Rekdal

    Lengst vest i kommunen finn vi grenda Rekdal, med kommunegrense til Haram, og med majestetiske Rekdalshesten, eit fjell som med sine 782 meter reiser seg rett opp frå fjorden.

  • Panoramabilde Vikebukt

    Vikebukt

    Vakre Vikebukt ligg solrikt og lett tilgjengeleg til ved innløpet til Tresfjorden. Vegen til kommunesenteret Vestnes vart betrakteleg kortare etter at Tresfjordbrua vart bygd. Gjermundnes vidaregåande skule har om lag 130 elevar. Elles kan Vikebukt/Gjermundnes by på fine turmuligheiter, badestrand med friluftsområde, industri og mykje dugnadsbasert aktivitet. Her er også gravrøyser og historiske funn frå steinalder og jernalder.

  • I forgrunnen en grønn plen. I bakgrunnen stille hav, fjell og en lettskyet himmel.

    Daugstad

    Daugstad er solsiden av Tresfjorden og er ei lita bygd med mykje landbruk, men også settefisk, sag & høvleri, byggmestere og campingplass. Det bor ca. 300 personer i bygda. Daugstad gir forøvrig store muligheter for friluftsliv både til vanns og til fjells, jakt og fiske. Det er mange turstiar opp mot fjella, der i blant Skogsbilvegen, Helsetnakken, Daugstadsetra og Ytstetjønna.

  • Panoramabilde Tomrefjord

    Tomrefjord

    Langs austsida av den 9 kilometer lange Tomrefjorden finn vi tettstaden Tomrefjord med sine 1117 innbyggarar (2019). Her er skule, landhandel og idrettsbygg, for å nemne nokre av samlingspunkta. To av dei fire største verfta i kommunen ligg i Tomrefjord.

  • Panoramabilde Tresfjord

    Tresfjord

    Omkransa av dei vakre Tresfjordfjella, inst inne i fjordarma Tresfjorden, finn vi bygda Tresfjord. Oppvekstsenter, landhandel og forsamlingshus er viktige treffpunkt. Aktivitetsnivået i frivillige lag og organisasjonar er høgt, med fleire faste storsatsingar gjennom året.

  • Panoramabilde Øverås og Nerås

    Øverås og Nerås

    Bygdene Øverås og Nerås ligg landleg til mellom Tomrefjord og Vestnes. Her er forsamlingshus og turmoglegheiter til Lauvåsen og Faksen.