SMUD – eit ungdomstilbud
Ungdomstilbod
SMUD er eit tilbod for alle ungdommar i Vestnes kommune, og det er heilt gratis. Aldersgrensa er frå 8. klasse til 18 år. Tilboda er ungdomsklubb og “opa dør”.
Ungdomsklubb
SMUD ungdomsklubb er open kvar torsdag, kl. 18.00–21.00, og tysdag og onsdag 14.30–16.30. Du finn SMUD i Vestnes sentrum, storstua på gamle sjukeheimen – Misfjordvegen 2.
Ungdomsklubben er ein uformell stad kor ungdom kan møtast. Brettspel, kortspel, air hockey, biljard og gaming med spelkonsollar er nokon av aktivitetane du finn her. Om du berre vil komme for å chille og bli kjend med andre er det også heilt OK! Det vil og bli enkel servering av mat og drikke, og ulike aktivitetstilbod frå gong til gong.
Ungdomsklubben er i samarbeid med Vestnes Røde Kors og andre frivillige. SMUD er skal vere ein kjekk og trygg møtestad for alle, det er alltid minst to vaksne til stades på ungdomsklubben. Program og nyaste informasjon finn du på Facebook-sida og på Instagram: SMUD – eit ungdomstilbud.
Prosjektet er muleg med støtte frå Bufdir og er eit samarbeid mellom frivillige organisasjonar, frivilligsentral, bibliotek og kulturskule.
Opa dør
Bli frivillig?
Med eit utvida tilbod treng vi også fleire frivillige. Er du ein omgjengeleg, til tider tolmodig og trygg person som trivast i lag med ungdom, håpar vi du tek kontakt med oss.
Er du interessert eller vil vite meir, kontakt Julie på:
E-post: julie.eide@vestnes.kommune.no
Mobil: 902 64 163
OBS! Frivillige må vere 18 år eller eldre.